Farleg fart

Alle menneske gjer feil i trafikken, men somme køyrer fortare og farlegare enn andre – og med vilje. Menneske som slik utset andre for å bli drept eller hardt skadd i trafikken, må stoppast. Derfor er det betenkeleg når Bård Hoksrud frå Frp blankt avviser gjennomsnittsmåling av fart som eit nyttig verkemiddel for å redde livet til uskuldige trafikantar.

Personvern eller vern av liv?

Dette er på sett og vis ei absurd motsetning, men likevel: Bård Hoksrud meiner gjennomsnittsmåling av fart strir så gale mot omsynet til personvernet at vi ikkje kan ta det i bruk. Dette er eit pussig standpunkt. Til og med Datatilsynet godtek denne nye forma for fartskontroll. Dei meiner at gjennomsnittsmåling kan vera tvilsamt i høve personvernet, fordi alle bilar blir tekne bilete av når dei passerer dei to kameraboksane. Datatilsynet godtek likevel dette fordi bileta av alle dei som ikkje køyrer for fort automatisk vil bli sletta berre få sekund etter at bilane har passert.

Skremmande

Det er skremmande å sjå videoar som unge råkøyrarar har teke under villmannskøyring i tunnelar, eller å lesa om alvorlege ulukker som skuldast høg fart der menneske i fleire bilar blir ramma.

Dei fleste av oss trur det ikkje kan hende oss. Men det kan det. I møte med nokon som kjem fykande i 160 km/t og som mistar kontrollen, kan det skje kven som helst. Det kan vera ein familie på veg til hytta. Det kan vera ei glad jente på 22 år som har vore på jobbintervju og som har fått vita at ho kan begynne i ny jobb på måndag. Og alltid er det mange fleire enn dei som døyr som blir ramma – alle dei som mistar sine.

I fjor sommar var ulukkestala særleg høge, og diskusjonane var mange om korleis vi skal sørgje for at færre døyr i trafikken. Skytset vart retta mot vegstandarden – mot for dårleg asfalt og krappe svingar.

Sjølv om det er rett at vi no satsar mykje meir på å ruste opp vegane, er det dessverre ikkje så enkelt. Kvar og ein av oss som køyrer bil må ta ansvar også for liva til andre menneske. Og når ein del gir blaffen i dette, må vi gjennomføre tiltak som førebyggjer ulukker på grunn av uvettig køyring.

Betre effekt

Vi veit at dei automatiske trafikkontrollane på særleg ulukkesbelasta punkt langs vegane våre reduserer talet på alvorlege ulukker der. Og Statens Vegvesen seier tydeleg at det neste steget – gjennomsnittsmåling av fart – vil gje endå betre effekt. Frå no i juli blir denne forma for fartskontroll teke i bruk på to stader i landet, mellom anna i Telemark der Hoksrud kjem frå.

Personvern er viktig, men det er fullt mogleg å finne praktiske løysingar som tek omsyn til personvernet, samstundes som vi vernar folk mot å bli drepne i trafikken. Dei fotoboksane vi kjenner til frå før reduserer farten på farlege punkt langs vegane. Kamera som måler gjennomsnittsfart vil kunne nyttast der høg fart er eit problem på heile strekningar. Tunnelar er særs relevante i så måte. Det handlar trass alt om å berge liv.

Vist 330 ganger. Følges av 3 personer.

Kommentarer

Er ikke i mot gjennomsnittmålinger, dersom det er det blir. Men dersom det ender opp med tre muligheter til å bli tatt, da er jeg ikke med lenger..

Da mener jeg to fotobokser som i seg selv måler fart og så kommer gjennomsnittet i mellom boksene i tillegg..

Da kan man plutselig ha kjørt i 110 forbi en boks, 130 for forbi den andre, pluss et gjennomsnitt på 125 i mellom boksene.

Men rene gjennomsnittsmålinger med ekte bevis uten mulighet til å fabrikere bevis er jeg med på…

Det er en kjent sak at lensmennene i Surnadal har sittet med stoppeklokke og målt gjennomsnittfart…..Det kaller ikke jeg troverdig.. Da kan man lett ta noen man har ikke liker trynet på…

Det er likevel viktig å hugse at det viktigaste arbeidet mot trafikkulukker framleis skal gjerast av politifolk i teneste, ikkje av fotoboksar. Vi treng både meir generelt førebyggjande arbeid, uanmeldte kontrollar og tiltak for å ta ut verstingane. Denne gruppa tek ikkje ut lysta til å drive villmannskøyring der det står fotoboksar…

Gjennomsnittsmåling vil ikke i seg selv være preventivt det vil virke mot sin hensikt i enkelte tilfelle pga enkelte kjører langt under fartsgrensa og irriterer øvrig trafikk på stedet. Dette går spesielt utover yrkes trafikken.
Vanlig fotoboks samt flere laserkontroller kan hindre problemet i å utvikle seg. Dette har blitt bevist på mange strekninger der fotoboks er montert. Syns det er litt dumt å prøve å tale negativt om Frp pga Frp har ett poeng når de nevner personvernet oppi hele debatten. Viktig med personvern ja men menneskeliv er viktigere, en kombinasjon av begge deler er bedre. Jenny har et bra poeng men å nevne Frp i denne sammenheng virker litt mot sin hensikt.Ha en fortsatt fin dag.

Det blir interessant å sjå korleis gjennomsnittsmåling vil fungere i praksis. Førebels er det berre to stader det er oppsett slike boksar. Det vi veit er at vanlege fotoboksar har god effekt på ulukkesbelasta punkt langs vegane. Forhåpentlegvis vil gjennomsnittsmåling få ned ulukkene på dei lengre strekningane som no er særleg farlege.

Vidar er inne på noko viktig når han nemner laserkontrollar. Vi må ikkje gløyme at slike kontrollar og eit aktivt og synleg politi er vesentleg for å førebyggje villmannskøyring og ikkje minst for å få plukka ut verstingane frå trafikken – desse er stort sett flinke til å besinne seg der det er fotoboksar…

Dei ping-pong-diskusjonane vi politikarar ofte fører kan vera lite matnyttige, men samstundes er det ok å få fram skilnadene somtid. Når Frp brukar personvernet som eit viktig argument mot gjennomsnittsmålingar meiner eg dette blir for svakt i og med at bilete av dei som ikkje køyrer for fort blir sletta innan 3 sekund. Men med det seier eg ikkje at personvern er uviktig. Derimot trur eg personvernet er truga på mange vis, mellom anna gjennom EUs datalagringsdirektiv.

Måling av gjennomsnittsfart vil sannsynligvis ikke redde et eneste liv…heller motsatt …

Ryktene går allerede om at ungdommen passerer første fotoboksen for så å kjøre ut til siden og stoppe med “stoppeklokke” etter først å ha målt strekningen i tid, med max lovlig fart.

Så er konkurransen om hvem som klarer å måle størst fart på speesometeret mellom boksene uten å bli tatt ved neste boks.

Altså, måling av gjennomsnittsfart fremmer fartskonkurransen blandt de gruppene som elles også konkurrerer på fart..Disse fartsmålerne vil gjøre det hele enda mer spennende…

Frp har et greit argument når det gjelder personvern.Syns ikke det er svakt men er enig at ping-pong diskusjonane ikke medfører så mye mat nyttig. Ord er en ting handling noe annet.Det er greit at man sier at bildene blir sletta om 3 sekunder dersom alt er ok men da er spørsmålet hvem kan vite om bildene i realiteten blir slettet ?

Annonse