Overfallsvaldtekter og rasisme

Det har blese opp til storm etter at eg sa kva eg meiner om samanhengane mellom overfallsvaldtekter og haldningane til ein del ikkje-vestlege menn. Stormen er det stort sett ikkje-vestlege menn og SOS Rasisme som står for. Og det dei seier er ikkje at kvinner sjølvsagt skal bli respekterte som dei er uansett klesstil og livsførsel. Derimot påstår dei at det er rasistisk å vise til det faktum at mesta alle overfallsvaldtekter blir begått av menn frå enkelte framande kulturar.

Vi treng ein open debatt om kvinnesynet hos ein del grupper i samfunnet vårt. Då meiner eg ikkje berre ikkje-vestlege menn, for altfor mange valdtekter blir også utførte av norske menn. Men det er overfallsvaldtektene eg har uttalt meg om, som ei oppfølging av den siste tids hendingar.

Det som skil overfallsvaldtektene frå andre valdtekter, er at dei skaper stor frykt også blant kvinner som ikkje blir direkte ramma. Det blir dessverre oftare ein diskusjon om korleis kvinner kler seg og ter seg i staden for ein diskusjon om kva vi skal gjera for at kvinner skal få kle seg og te seg akkurat som vi vil utan å bli overfalte og krenka på det grovaste.

Det er verdt å merke seg at bortimot ingen anmeldte overfallsvaldtekter blir begått av norske menn. I 2009 var det ingen nordmenn blant gjerningsmennene i følgje politiet sin statistikk. Og mesta alle offer er norske kvinner. Dei går altså ikkje etter sine eigne, men vel seg ut oss. Årsakene til dette, og kva vi skal gjera med det, må vi finne ut meir om.

Tiltaka eg gjer framlegg om er 1) sørg for at mistenkte gjerningsmenn blir varetektsfengsla til politiet har bevis eller kan sjekke vedkomande ut av saka, 2) bur gjerningsmennene inne til dei kan sendast ut av landet, 3) bruk øvste strafferamme for valdtekter, 4) følg opp valdtektmenn som ikkje kan sendast ut av landet langt betre for å unngå gjentaking, , 5) staten bør gjera ein innsats for å endre forkastelege haldningar når utlendingar frå relevante kulturar kjem til landet.

Det ville vidare vore svært bra om at SOS Rasisme, imamar og andre leiarskikkelsar innan somme kulturar går føre som eit godt eksempel og tek avstand frå haldningar om at norske kvinner er rettmessige bytte pga klesstil og livsstil. Ein brei front av ikkje-vestlege menn som viser meir toleranse og respekt overfor norske kvinner, kan lett rette opp den feiloppfatninga eg mot formodning måtte ha.

overfallsvaldtekter

Kommentarer


Du har stukket hodet inn i et vebsebol, Jenny, men det du gir uttrykk for er jo riktig. Ikke helt comme il faut i alle kretser, men det er bra at noen står opp mot disse kretsene.
BRA, Jenny!