Ris og ros om rassikring

Det er viktig og rett å satse på rassikring. Derfor har regjeringa meir enn dobla løyvingane til dette. Likevel er det meir ris enn ros å få frå opposisjonen. Kanskje vi heller skal sjå på kva vi kjem til å få til dei næraste åra?

I den nye nasjonale transportplanen som regjeringa la fram i fjor, meir enn doblar vi innsatsen til rassikring. Ein milliard skal brukast kvart år dei neste ti åra. Dermed oppfylte vi forventningane frå Nasjonal rassikringsgruppe, som har krevd nettopp 1 milliard til rassikring årleg.

Kva betyr så dette for Møre og Romsdal dei neste fire åra? Tre tunnelar langs riksvegane vil bli bygde. Oppdølstranda på Nordmøre, Hjartåberga på Sunnmøre, og så får vi Vågetunnelen i Romsdalen.

Oppdølstranda låg ikkje an til å koma inn i Nasjonal transportplan for 2010-2019 i det heile, men etter dramatiske rastilfelle fekk vi jobba tunnelen inn i planen. Statens vegvesen jobbar no på spreng for å få bygd tunnelen snarast råd. Vidare har vi fylkesveg 60 mellom Hellesylt og Stranda, der får vi også tunnel.

Slik sett hadde det kanskje vore på plass med meir ros enn ris frå mellom anna Frp, særleg teke i betraktning dei små løyvingane som dei stilte seg attom som støtteparti til Bondevik II-regjeringa.

Godt gjort er betre enn godt sagt, er mi meining. Medan Frp gjerne talar om alt dei skulle ha gjort (og det er ikkje lite), ønskjer Senterpartiet og den raud-grøne regjeringa å handle. Derfor held vi lovnaden om ein årleg rassikringsmilliard framover.

Jenter som vender blikket innover

Ein moderne trussel mot likestilling og kvinnefrigjering meiner eg ligg i fikseringa på kropp, utsjånad og vekt. Jenter som bruker store delar av hjerneaktiviteten til å uroe seg for at dei ikkje er bra nok, er ikkje frigjorte. Dei vender blikket innover i staden for opp og fram.

Uansett alder blir vi påverka av kroppsfikseringa. Radmagre modellar på motesidene i dameblada og på reklameplakatane framstiller ei norm som er uoppnåeleg for dei fleste – eller som det vil vera direkte helseskadeleg å oppnå. Sjølv opnar eg ikkje lenger slike dameblad, for eg vil ikkje vera meir misnøgd med meg sjølv enn strengt nødvendig…

Til og med jenter i barnehagealder og i småskulen ønskjer å slanke seg. Dei ønskjer å vera annleis enn dei er, og er vare for andre si oppfatning av dei. Eg har ofte tenkt på kva som gjer at vi heng oss slik opp i dette med vekta.

Vi lever i ei tid med overflod på mat og med mange fristelsar. Usunn mat fristar oss kor vi enn snur oss, og det å ha eit balansert kosthald krev sjølvdisiplin for mange. Det er ikkje enkelt. Kvinner har ein tendens til å eta meir når dei er stressa, og det er vel lett å bli endå meir stressa av frykta for å leggje på seg.

Noko som ergrar meg, er tilsynelatande uskuldige kommentarar som denne: “Jøss, kor fin du er, har du slanka deg?” Hjernen min – og eg trur mange andre sin – koplar dette slik: Eg har ikkje vore særleg fin før, men no som eg er slankare er eg tydelegvis fin. Ergo: dersom eg legg på meg igjen, er det krise.

Nokon som kjenner seg igjen?

Nei, vend blikket opp og fram, jenter. Kva oppnår vi ved å bekymre oss sjuke over at kroppane våre ikkje fyller krava til å vera fotomodellar? Vi har saktens betre saker å bruke hjernecellene våre på dersom vi skal erobre verda.

Mobbarar ikkje eigna til å bli politi

Nyleg var det ei sak i Aftenposten om mobbing på politihøgskulen. Mobbing er uakseptabelt i alle samanhengar, men det er særleg viktig at polititenestemenn ikkje er mobbarar.

I avisa stod det om det studentar med minoritetsbakgrunn som har vorte mobba fordi dei er kvoterte inn, dvs at dei er opptekne på skulen sjølv om dei ikkje har fylt absolutt alle opptakskrava. I staden for å mobbe andre politistudentar med minoritetsbakgrunn og påstå at dei ikkje er kvalifiserte for yrket, burde mobbarane gå i seg sjølv og vurdere om dei er eigna til å halde fram på studiet.

Politiet utøver makt på vegne av staten. Dette krev i tillegg til god fysisk utrustning både klokskap, god oppførsel og empatiske evner. Dette er ikkje akkurat det som kjenneteiknar mobbarar… Slik sett kan ein gjerne hevde at mobbarar strengt tatt ikkje oppfyller punktet i opptakskrava om “nødvendig modenhet og personlig skikkethet”.

Eg tykkjer det er godt å høyre at dei fleste av studentane ved politihøgskulen trivst, og eg har full tiltru til at dei aller fleste av dei er svært godt skikka til å bli politi. Men dei som mobbar utgjer eit problem både for dei som blir offer for mobbinga og for omdømmet til politiet framover. Derfor håpar eg at leiinga ved politihøgskulen tek fatt i dette på eit skikkeleg vis for å forhindre at det skjer igjen.

Vi treng fleire i politietaten med minoritetsbakgrunn. Om opptakskrava for desse skal vera andre enn for majoriteten er eit spørsmål som vi gjerne kan diskutere, men det må gjerast på eit generelt grunnlag.

Ingen enkeltstudentar skal takast eller mobbast for at dei tilhøyrer ei gruppe der inntakskrava kan vera noko annleis enn for resten. Dei kan ha viktige eigenskapar og kunnskapar som meir enn oppveg for dette. Derimot er det berre det at mobbarar får eit glimt av sjølvinnsikt og bestemmer seg for å endre åtferd som kan få meg til å meine at dei bør halde fram studiet.

Helsebyggjande samhandling?

Både sjukefråværet og den komande samhandlingsreforma er mykje drøfta for tida. Muskel og skjelettlidingar står bak mykje av sjukefråværet. Eg meiner diskusjonen førebels ikkje tyder på innhaldet i samhandlinga vil bli god nok for å førebyggje nettopp desse lidingane.

Tanken bak samhandlingsreforma er at kommunane skal drive førebygging mykje meir aktivt enn i dag, og behandlinga av sjuke og folk som treng rehabilitering skal gå føre seg lokalt så langt som råd. Veksten i helsetenestene skal heller skje i kommunane enn i helseføretaka.

Så langt alt vel. Men kva vil kommunane leggje i det å førebyggje og behandle? Eg har fleire gongar lufta tanken om at m.a kiropraktorar og naprapatar må inviterast inn i denne samhandlinga for at vi skal oppnå at færre blir sjuke og dermed færre sjukemeldingar. Reaksjonane er gjerne lunkne. Årsaka til dette er for meg uforståeleg.

Sjølv går eg til naprapat 2-3 gongar i månaden for å halde meg i jobb, men det kostar ein halv tusenlapp per gong. Blir ein sjukemeldt, har ein full løn, og det er vel og bra. Men dersom ein gjer ein innsats for å unngå å bli sjukemeldt eller for å koma seg tilbake i jobb i form av å gå til behandling, kjem ein dårlegare ut økonomisk.

Behandlinga kostar ganske mykje, medan andre helsetenester (som eg er så uærbødig at eg påstår at somtid har dårlegare effekt), er billige eller gratis fordi staten dekkjer kostnadene. Eg meiner det er verdt det å betale for behandlinga sjølv, men det er ikkje alle som tek seg råda til det eller som er kjent med at det er mogleg å få god hjelp.

Behandlingstypar som har god effekt mot muskel- og skjelettlidingar burde fremjast og ikkje hindrast. Derfor meiner eg det er viktig at legar har kunnskap nok og positiv vilje til å henvise pasientar til slik behandling. Og eg meiner kommunane bør invitere yrkesgrupper med ulike tilnærmingar til førebygging og behandling til å bistå når arbeidstakarar treng tilpassingar og oppfølging for å halde seg i jobb.

Dette vil vera god samhandling i praksis. Og resultatet vil bli fleire som lever betre liv og som klarar ut med og trivst på jobben.

Bankbussen og framskrittet

Bankbussen i Jølster køyrte sin siste tur i 2004. I framskrittets namn har bank i butikk og nettbank teke over. Har noko gått tapt på vegen? Eg er i det sentimentale hjørnet, og svarer ja.

Eg dumpa ned i godstolen på eit hotellrom i Kristiansund ein kveld, og slo på fjernsynet. Eg ser sjeldan meir enn nyheitene og vêrmeldinga, men på NRK2 var det ein dokumentar som fanga merksemda mi. Den handla om Kåre Hauge som hadde køyrt bankbussen i mange år, og både han og bussen skulle no pensjonerast.

Dokumentaren var langsam og varm, og viste bygdefolk som kom ruslande eller skliande på sparkstøttingen bortåt bussen for å betale rekningar og bytte inn gamle kronestykke før fristen gjekk ut. Praten gjekk om laust og fast og om vêret.

Både dei og Kåre var vemodige den siste dagen. Kommentaren frå den lokale sparebanken var at dei også tykte det var trist, men at dei ønskte å vera ein moderne bank. Fullt forståeleg det – verda endrar seg jo, og det gjeld å hengje med i svingane.

Kanskje kan vi likevel spørje oss om vi somtid set opp farten så mykje at sentrifugalkrafta kan bli for sterk. Eg seier ikkje at framtida for samfunnet vårt står og fell med bankbussar eller små bankfilialar, men karusellen går fortare og fortare, og det er eit viktig oppgåve å sørgje for at vi ikkje deisar utom.

Vi skal heller ikkje gløyme at mange av den eldre garde ikkje heng med så lett som oss yngre. Dei fortener at vi iler langsamt når vi i dette såkalla framskrittets namn endrar og moderniserer det meste.

Aksjon folkevalte for Haiti

Eg har vridd kvar ei hjernecelle i over ei veke for finne ut kva eg kan bidra med for ungane på Haiti. Maktesløysa har rådd. Å starte ei kronerulling blant folkevalte vart etter kvart ideen. Kanskje kan vi politikarar gjera noko som er viktigare enn berre å vera ueinige om filleting, og gjera ein felles innsats for berge liv?

Stortingsgruppa til Senterpartiet samla oss i går om å gje minst 1000 kroner kvar som eit startskot for ein aksjon for Haiti. Vi har oppfordra til at alle dei 169 stortingsrepresentar gjer det same. Det vil bety minst 169 000 kroner til det katastroferamma området.

Vidare er målet vårt at alle andre heiltidspolitikarar følgjer etter. Tilsaman kan dette bli veldig mykje pengar – pengar som er sårt tiltrengte for å redde menneske som er ramma av jordskjelvet.

Eit reknestykke:

169 stortingsrepresentantar

432 ordførarar

19 fylkesordførarar

20 statsrådar, 43 statssekretærar og 20 politiske rådgjevarar

1000 kroner kvar frå alle desse vil gje 683 000 kroner.

Oppfordringa går også til alle andre folkevalte i kommunestyre og fylkesting om å delta i kronerullinga.

Mange av oss har allereie gjeve og vil gje pengar som privatpersonar. Denne tusenlappen er noko eg håpar vi kan gje i tillegg – i eigenskap av å vera folkevalte.

Kritikken har allereie kome frå Frp. Harald Tom Nesvik meiner at vi i Senterpartiet prøver å slå politisk mynt på katastrofen. Eg blir både såra og lei meg av slikt tull. Dersom det å vera politikar diskvalifiserer meg frå å vise at eg bryr meg om menneske som lir og frå å ta eit slikt initiativ, blir det problematisk å halde fram i politikken.

For å vera litt uærbødig, kan det like gjerne seiast om Nesvik at han brukar denne saka til å få merksemd ved å kritisere meg/Senterpartiet. Men verre er det at denne kritikken og denne haldninga underminerer moglegheita for å få inn dei minst 683 000 kronene som ville vore eit viktig bidrag til Haiti i den forferdelege situasjonen som er der no.

Adopsjon frå Haiti bør tillatast

Katastrofen på Haiti rystar dei fleste av oss langt inni sjela, og vi kjenner eit sterkt behov for å bidra. Mange familiar i fleire land ønskjer å adoptere foreldrelause og traumatiserte ungar som elles står i fare for å døy. Det bør dei få lov til.

Eg les forundra – og ikkje så reint lite forskrekka – at det blir laga mykje problem kring det ønsket mange no har for å hjelpe desse ungane via adopsjon.

Faren for menneskehandel må vi ta på alvor, men teke i betraktning det reine helvetet som sårbare ungar lever i på Haiti no, bør alle tiltak for å hjelpe dei ønskast velkomne.

Direktøren i Barne-, ungdoms- og familiedirektoratet (Bufdir) utelukkar iflg Nettavisen ikkje å opne for framtidig adopsjon fra Haiti “dersom landet blir både sikkerhetsmessig og politisk stabilt”.

Gud betre, kva er dette for noko? Skal ungane døy medan vi ventar i årevis på at situasjonen i landet skal stabilisere seg?

Nei, no må vi ta til fornuft. Det bør vera mogleg å gje alle dei familiane som er prekvalifiserte til adopsjon høve til få adoptere barn frå Haiti snarast. Og eg meiner det bør vera mogleg å få til ei rask kvalifisering av nye familiar også i denne ekstraordinære situasjonen.

Vi er ikkje eit uregulert samfunn med dårleg kontroll eller ein fristad for overgriparar og menneskehandlarar, tvert i kan vi til tider framstå som overlag problemfokuserte og overbyråkratiske. Nettopp dette er eg redd for at er til hinder for å hjelpe haitiske ungar no.

Det handlar om liv eller død for mange små. Vi bør gje dei sjansen til å leva.

Til krig mot mobbing

Det er ikkje rett at ungar skal oppleva skulekvardagen som eit samanhengjande mareritt, seier kunnskapsminister Kristin Halvorsen. Det er gledeleg at ho no vil gå til krig mot mobbing i skulen.

Altfor mange ungar får barndommen sin øydelagt av at andre plagar dei jamt. Gjentekne fysiske og psykiske slag og spark bryt ned sjølvtillit og livsglede.

Den staden der ein møter opp kvar dag for å lære og for å bli førebudd på vaksenlivet, blir for den som blir mobba også den staden som svekkjer utsiktene til eit godt liv som vaksen.

Tidlegare statsminister Bondevik gjorde ein prisverdig innsats mot mobbing, og denne innsatsen gav resultat i form av ein midlertidig nedgang i mobbetilfelle. Eg meiner dette viser at det nyttar å jobbe mot mobbing, men at uvesenet fort tek seg oppatt igjen dersom fokuset skiftar.

Det er ikkje nok at kunnskapsministeren tek tak i dette aleine. Rektorar og lærarar må ta problemet på alvor og følgje opp. Men også kvar enkelt av oss har eit ansvar.

Det er altfor lett å snu seg bort når ein ser eller høyrer noko som kan tyde på at andre blir mobba. Og endå verre: det er somtid lettare å le hånleg med enn å protestere når andre lir.

Utan at “resten” – dei som verken mobbar eller blir mobba – engasjerer seg, får vi ikkje bukt med problemet. Krigen mot mobbing er ikkje eit slag som kan vinnast ein gong for alle, men det er ein kamp mellom gode og vonde krefter som pågår stadig. Vi må velje kva side vi vil kjempe på.

Les gjerne også det aller første blogginnlegget mitt her på Origo, som handlar om nettopp mobbing:

Blinde eller feige

Å rote med stil

Eg må le. Det kjem så mykje rart ut av ein barnemunn, og somtid kan ein lure på kor i all verda desse ungane hentar alt frå.

Guten min er vant til at eg reiser mykje, og tykkjer stort sett det er greitt. Tidlegare i kveld kom det imidlertid nokre klagar på at eg er mykje borte. Men så sa han med eit smil at det eigentleg er like bra, fordi eg rotar så mykje når eg er heime.

Eg rynka på nasen, og – fordi eg veit at det er sant – prøvde eg å bortforklåre dette. Då var det han ville rette opp det heile, og sa: “Men det er ikkje så farleg, mamma, for du rotar med stil!”

Verre var det ein annan gong då vi var i eit selskap. Vi sat til bords saman med nokre slektningar, då han sa med store auge og ivrige fakter: Veit de; ho mamma har slutta med ein gammel tradisjon!" "Kva er det, då? spurte ho eine. "Å støvsuge! svarte han, til stor latter frå dei andre ved bordet.

Vel, eg er tydelegvis ikkje den fødte husmor, men ein utprega rotekopp. Men i følgje guten er eg det i alle fall med stil…

O jul med di glede - og sorg

Eg er sikkert barnsleg, men eg elskar jula. Juletreet med pakkar under som lyser opp stova på sin særeigne, koselege måte, dempa julemusikk, pinnekjøt med kålrabistappe – ja, til og med småbrøda likar eg.

Eg er ingen religiøs type, men eg er overtydd om at vi treng nokre felles tradisjonar. Sjølv om ulike menneske legg ulike ting i julefeiringa, samlar jula oss slik inga anna høgtid gjer det.

Jula kan likevel også vera ei tid for å sørgje. Saknet etter foreldre, ein ektefelle eller eit barn som har gått bort blir ekstra stort og sorga endå tyngre å bera under ei høgtid der heile familien skulle vore samla. For dei som har mista den einaste nære og kjære dei hadde, kan jula i tillegg bli ei einsam tid. Om og når vi sjølve må oppleva at jula blir trist på slikt vis, er det ingen som veit.

Aslam Ahsan har i 20 år arrangert julefeiring for einslege eldre. Han har nyleg fått Kongens fortenestemedalje i gull for dette og annan samfunnsnyttig innsats gjennom mange år.

At Ahsan som muslim bruker tid og krefter på å gi andre menneske eit alternativ til å sitje aleine heime på julekvelden, er prisverdig. Det er også eit tankevekkjande og gledeleg døme på brubrygging mellom menneske med ulike tradisjonar og ulik bakgrunn.

I dag har sonen min og eg vore på juletrefest – nok ein fin tradisjon der det ikkje berre er familien som blir samla, men ei heil grend. Ungane syng julesongar frå scena, eldre, vaksne og ungar i skjønn foreining går rundt juletreet, og under maten blir det selt lodd til inntekt for grendahuset. År etter år skjer dette etter den same malen – og eg har sansen for denne delen av julefeiringa òg.

Jau då, eg er konservativ når det gjeld jula. Så det blir truleg aldri nokon sydentur i jula for min del. Nisser i glaskarmen, pinnekjøt og juletre, derimot, vil vera faste innslag også i åra som kjem.

Til lukke med jula alle mann!

Klinge på tinget

Følges av 20 medlemmer.

Senterpartiet vil bygge samfunnet nedenfra. Skal enkeltmennesket kunne vokse og ha mulighet til å virkeliggjøre sine drømmer – sin idé om det gode livet – trengs det et lokalmiljø som skaper trygghet, identitet og kulturelt rotfeste. Samtidig må den enkeltes rettigheter ses i lys av andres rettigheter. For stor frihet for noen fører til mindre frihet for andre. Trygge lokalsamfunn preges av samhold, samvirke og jamstilling mellom ulike grupper. Mer om sonen

Origo Klinge på tinget er en sone på Origo. Les mer
Annonse